Skip to main content

Fjelltoppen Nona med sine 1013 meter høgdemeter over havet på Grytøya i Troms byr på fin utsikt i alle retningar. Det er ein forholdsvis grei tur, som tar ca. 3-5 timer avhengig av kor mykje tid ein brukar på andre ting underveis.

Liss og eg satt heime søndag 24.08 og vurderte korleis dagen ville bli vèrmessig for ein topptur i Harstad området. Det var fint vèr, men tåka låg som eit teppe over toppane. Etter mykje om og men, so blei det bestemt at vi skulle ta ferja klokka 15:00 for deretter å gå på Nona, som er høgste toppen på Grytøya, og ein topp vi aldri hadde besøkt før.

Klokka 15:00 reiste vi med ferja og parkerte langs vegen på kanten av ei møteplasslomme. Deretter gjekk turen opp. Lett å finne vegen opp til Vadskinndalsvatnet, med veldig fint gåterreng. Vidare er det litt opp til ein sjølv kva for rute ein skal velge opp til sjølve skaret før ein då går opp langs ryggen siste delen til toppen. Det er mykje stein / ur fram til skaret, men forholdsvis greit å gå. Frå skaret og opp er det ein del laus stein og laus grunn / sand. Greit å gå tett ,eller etter tur viss ein er mange. Då med tanke på at stein eller steinar kan få fart på seg nedover.

Utsikt fra toppen – Harstad kan skimtes i bakgrunnen.

Fint utsiktspunkt

Vi brukte rundt rekna 2 timar til toppen, og då tok vi det roleg. Brukte ca. det samme ned att inkludert litt bærplukking. Vi tok ferja heim att klokka 20:30. Totalt blei det brukt ~5 timar utan å stresse, Turen kan gåast mykje fortare, som ~3-4 timar alt etter lyst og form. Denne turen kan anbefalast med tanke på utsikta frå toppen av Nona. Det er ein tur som, ut i frå vårt perspektiv, er forholdsvis lite krevande i godvèr, men ein må jo ta tur etter evne.

Leave a Reply