Patagonia Lightweight R4
PRIS 1899,- VEKT 530 gram
Har hatt denne fleece i snart eit år og med sine 530 gram er den absolutt ein lettvektar. Tynn og god passform med fint snitt utan bulkete overflødig stoff.
Vindstopperen som heiter Polartec Windblock-laminat seier at den skal vere vindtett.
Dette meiner eg stemmer og den er fantastisk å ha med seg både sommar, haust og vinter i høgfjellet. Den er ikkje so varm, men det er etter mi meining midt i blinken spesielt når du vil jobbe litt, sleppe vinden og vil ha noko som er lydlaust og mjukt. Den sitter fint på kroppen utan å vere tettinnsittande eller for stor. Brukar medium i denne og brukar medium til vanleg. To lommar på sidan og ei brystlomme. Fungerar heilt fint. Har i grunn lite negativ å seie om denne skal eg vere heilt ærleg.
Har primært brukt den til klatring sidan den tar so liten plass i lag med ein Rab Alpine Jacket på 260gram utanpå.


+
-
LETT, SOM I ORDET LETT, OG I Å KUNNE BEVEGE SEG I
-
TAR LITEN PLASS
–
-
PRIS
-
TYNN, LITE VARME