Skip to main content

Vesterålens mest alpine fjell ligger 605 meter over havet og med sin karakteristiske form er det lett gjenkjennelig. Erlend sin store barndomsdrøm var nettopp å stå på toppen av Reka og Håkon Martin ble med for å hjelpe til med å oppfylle denne drømmen. Det blei ein fin dag der bonusen var å stå på toppen.

Dagen starta med frokost i Harstad før eg (Håkon Martin) satte kursen mot Vesterålen. Erlend skulle endeleg få prøve seg på å nå toppen av Reka. Eit fjell han har sett på sidan barndommen.

Tok ferja frå Refsnes, møtte opp med Erlend på Sortland før vi satte kursen parkeringsplassen for starten. Erlend valgte fottøy type superlett terrengsko, medan eg valgte gode gamle gummistøvlar, og det skulle lønne seg, då det primært er myrlandskap heile vegen. Innmarsjen tok 2 timar, men vi kunne gjort det raskare då vi tok feil traseè inn til Reka.

Lett gjenkjennelig – Vesterålens mest alpine fjell, Reka.

Her ser dykk Erlend på vei opp lengde nr 2. Fint riss å klatre opp med gode sikringsmulighetar.

Nesten oppe til standplass på 2 lengda.

Erlend var skeptisk sidan begrensa erfaring med å klatre på led og med naturlege sikringar, men eg meinte at han måtte lede minst ei lengde for å føle at han hadde klatra Reka, so då må vel den mest eksponerte lengda passe best:)

Erlend måtte jobbe litt for å finne seg ei god måte å komme opp, men det var gode plassar til å sette sikringar og grei klyving.

Han kom seg forbi og opp og kjente at han levde.

Etter 4. taulengde rigga vi oss til for å tinderangle litt bortover toppryggen. Grei skuring herifrå til toppen.

Leave a Reply