Etter å ha komt ned til Turtagrø frå Store Skagastølstind tysdag den 27 juli, sov vi ei natt der. Alexander, Oddvar, Anders T (vidare referert til som Anders) og meg (Håkon Martin), sa på gjensyn dagen derpå, sidan eg og Anders skulle vidare. Vi var alle enige om at turen var ein suksess og vil ikkje vore den forutan, sjølv om det viste seg at vi brukte lengre tid ein vi hadde estimert.

Klokka var midt på dagen når eg (Håkon Martin) og Anders reiste vidare den onsdagen. Vi tok eit stopp ved Trollveggen for å beskue det rasutsatte området. Skjønnar fortsatt ikkje dei som tør dette, spesielt etter å lest ei beretning om ei bestigning av ei rute der i Tindeklubbens magasin Alpint.

Ankomst og planleging
Planen var at etter over ei veke i fjellet, so skulle vi ha oss ein kviledag. Spesielt etter over 22 timar jobbing dagen før. ”Famous last words”, for vèrgudane var bestemt på å ikkje la oss få fred. Vi ankom Åndalsnes på kvelden onsdagen og skulle ta inn på hotell, men sia det skulle regne fredag bestemte vi oss for å støte mot toppen torsdag neste dag. Det blei pizza på Åndalsnes og ein rask prat med lokale heltar, som hadde vore på toppen og gav oss nokre tips.

Det var berre å køyre inn mot foten av Romsdalshorn etter pizzaen var fortært og fordele arbeidsoppgaver. Dei bestod i at Anders rigga telt, medan eg rigga til klatreutstyret. Men før vi starta med dette ville vi snakke med ein ny lokal helt, som gav oss råd om å starte tidleg for å unngå at det var for mange taulag som gjekk før oss. Det hadde mest med faren for å få stein i hovudet, sidan det er mykje laust i veggen. Ein anna faktor er at rapellruta går ned same veg som ein klatrar opp!

Etter Store Skagadølstind ville vi prøve å få ned vekta på klatreutstyret og sjå kor lite vi kunne klare oss med. Etter ei vurdering droppa vi dei minste størrelsane av nøttene og kamkilene. Det vi stod igjen med var 4 Camelots i størrelse 0.5(lilla), 1(raud), 2(gul), 3(blå), 4 Aliens i det øvre sjiktet, samt eit sett med nøtter 1-11 frå DMM. Det skulle vise seg å halde. Antall slynger som var på 8 stk til saman med tilhøyrande antall karabinere blei for lite, men blei løyst med litt triksing.

Håkon Martin nyter utsikten mens han gjør seg klar på standplass.

Toppdag
Etter at alt var gjort klart var det berre å hoppe i posen og få seg litt søvn. Vi stod opp, fekk i oss litt mat og gjekk avgarde ca 06.20. Etter ca. ein time anmarsj var vi ved innsteget og hadde kun observert to klatrarar før oss. Den ein viste deg seg var ein av dei som vi slapp forbi ved rapellen på Store Skagadølstind to dagar før. Ein ting som er behagelig ved å ha folk føre seg er at ein kan lettare sjå om ein klatrar feil viss ein blir usikker. Det forutbestemmer sjølvsagt om ein klatrar fort nok. Sjølv om vi hadde klatra Storen på tirsdagen, der vi var fire stykker og rutiner ikkje var gode, so hadde Anders hittil ikkje leda ei lengde enno. Dette skulle forandre seg, og måtte forandre seg viss vi skulle klatre sydpillaren på Stetind seinare på turen var vi einige om.

Vi valgte å bruke ein sekk til å klatre med for å sjå korleis dette var. Vi la igjen det vi ikkje trengte, eg skifta til svasko, mens Anders klatra med tindesko, noko som viste seg å vere ganske greitt. Veggen vi skulle klatre var noko anna enn å klatre Store Skagadølstind, sidan det var meir klatring rett opp der ein kan sjå ned. Kunne sammenlikne det meir med å klatre Søndre Dyrhaugstind vis à vis Store Skagadølstind, som vi klatra i 2009.

Eg starta med å klatre første og andre taulengde. Første taulengde var ganske grei, men andre taulengde var litt verre med tanke på å finne veg. No var ei guidagruppe på veg og gjorde at når eg spurte om det var riktig rutevalg eg hadde gjort, fekk eg kontant tilbake at: ”Du kan klatre over altJ”. Som sagt, så gjort og standplass blei satt etter å ha klatra litt til. Sidan fjellguiden hadde satt standplass i borefeste, so lagde eg ein sjølv med kiler.

Anders kom opp og skulle no lede ei rute med grad 3 same veg som den guida gruppa gjekk. Anders valgte heller å gå ein litt anna veg og gå opp i den lause renna, som det står i føraren ein ikkje bør gå. Eg såg ein fugl som stod veldig i ro, før eg høyrte stein og fekk kasta meg inn mot veggen og eg kunne høyre suset når den passerte. Bra jobba med å rope stein AndersJ. Anders var ikkje ferdig der. Tauet var nesten klatrar ut 60 meter og sidan det var dårleg med mulighetar for å sikre der, måtte Anders traversere og sette ein delvis hengande standplass. Det som er viktig å hugse på er at til då hadde Anders aldri leda ei rute på naturlege sikringar, satt sikringar so mykje eller laga ein standplass. Bra jobba!! Eg var litt småirritert når eg kom opp, sidan eg ettertrykkeleg ba han om å gå til venstre for renna. Dette visste Anders og satt og smålo for seg sjølv når eg kom og slengte ut bemerkningane mine. Det hjalp ikkje at fjellguiden stod ved sidan av når Anders utbryter på spøk: ”Nå må du ikkje dette. Standplassen er ikkje sikker”. Må ha vore litt av eit syn der i veggen.

Etter dette var det ganske grei skuring oppover. Anders klatra ei lengde til og so tok eg siste, og vi var på toppen litt over klokka 13 på dagen. Det var danseplass på toppen som Anders  so fint saJ Ein rask rast og jubel før vi igjen høyrte ras gå i Trollveggen gå ved sidan av. Trur eg høyrte fem ras den dagen frå Trollveggen.

Endelig på toppen av Hornet.

Vi fant rapellfeste litt til høgre for der vi kom opp når ein ser nedover, merka godt. Det var bolta rapellfester heile vegen ned. Noko såg nytt ut, medan noko såg gammalt ut, men det skal mykje til for at begge festene skal ruste og ryke samtidig. Dessutan brukte fjellguidane det, so vi hadde ikkje store betenkelighetar med å bruke desse festa nedover. Dette er jo sjølvsagt ein vurderingssak og noko ein kvar klatrar må vurdere sjølv.

Uansett so rappellerte vi ned, fant utstyret og kom oss ned til teltet. Viss det var rutiner vi skulle få orden på, so var vi flinke på å rigge ned telt og sorter klatreutstyr. Vi var ferdig på eit blunk sidan vi ville komme oss inn til Molde for endeleg å kunne ta ein kviledag, med god mat og drikke, samt ei god natts søvn i seng for første gang på nesten to veker. Deilig!! Før vi reiste stoppa vi ved lavoen til han som vi hadde møtt på Store Skagastølstind, og hans makker. Snakka litt om klatring og rutiner og der og då var vi vel ikkje heilt sikre på at vi var i stand til å klatre Sydpillaren på Stetind. Anders hadde nettopp leda si første rute, so no var det å fortsette på den gode følelsen. Vi skulle trene oss opp vidare på rutiner oss i mellom, samt auke evna til å stole på egne satte sikringar når vi kom til Lofoten. Målet var å kulminere i å klatre Sydpillaren, men vi trengte meir trening.

Romsdalshorn var veldig fin klatring, men med mykje laus stein. Rett etter å ha klatra Romsdalshorn var eg og Anders klart enige om at i forhold til Store Skagadølstind var det meir klatring og på mange måtar meir eksponert sidan ein kan sjå heile vegen ned. På Store Skagadølstind var det meir gåinga inn og klyvinga opp til innsteget som gjere turen lang, eller vegen til og frå klatringa for å seie det på ein anna måte. Uansett so hadde vi no klatra to fine toppar og vore heldig med vèret!

Det som var forskjellig frå Storen,var at det her var meir klatring og mindre gåiing som er det vanskeligaste med å ta Storen.

Leave a Reply