Etter eit lite slag av ein fest i Svolvær på lørdagen, og dertil ein laber søndag med å stirre i veggen i kafèen på golfbana ute på Gimsøy; valgte Anders T og meg (Håkon Martin) å legge røyk og komme oss av garde mot Stetind og til det som heile turen frå Jotunheim og opp hit skulle kulminere i – det å klatre ruta Sydpillaren opp på Stetind, noregs nasjonalfjell.

Norges nasjonalfjell, Stetind.

Vi ankom seint søndag 9. august, og bestemte oss for bruke mandagen til å få rista av oss den verste angsten, planlegge og forberede oss til eventyret som var i vente. Eventyret ville bli å klatre ein 400 meters vegg, med dei 3 vanskelegaste lengdene på tampen av veggen med henholdsvis 6 minus, 5 pluss og 6 minus før ein kan spasere opp ei 2-3’ar lengde. Eg hadde hittil ikkje klatra 6 minus på kiler, men klatra dette inne. Eg hadde hittil ein klatra 5 pluss, i Lofoten i området Paradiset, samt at Anders hadde prøvd, men feila. Det var derfor ei mental utfordring å skulle perse.

Det var klart før vi skulle starte at eg skulle klatre 6 minus lengdene, medan Anders måtte ta 5 pluss. Mandag bestod derfor i å psyke oss opp mentalt og fortelje oss sjølv at vi var gode nok, samt å innhente mest mulig info om ruta vi skulle gå. Etter å ha inntatt godt med mat og klargjort utstyr, la vi oss til i teltet for kvelden sidan vi hadde bestemt oss for å gå i tre-tida natt til tirsdag. Personleg låg eg og funderte veldig på kva neste dag ville bringe, slik at eg sov ikkje so altfor godt. Sjølv om ein veit ein er kapabel, so er det ukjente alltid ei spennande utfordring. Det var det her vi hadde jobba mot heile turen.

Ovenfra og ned fra en standplass på vei opp..

Toppdag

Klokka er ca. 0300 og vi beveger oss med lette skritt opp den fine stien frå parkeringsplassen mot Stetind. Det er fin temperatur og vi kjenner oss klare. Anders viser igjen at han likar å tenke for mykje på vegvalget og trur ikkje innsteget der eg trur det er. Eg ser det frå der eg er, men Anders meinar det ikkje kan vere so nært og enkelt. Kongelosjen blottlegger seg enkelt og greitt på ei graskledd hylle. Eg er påverka av stundens alvor og når vi beveger oss mot innsteget er eg ikkje so veldig høg i hatten. Anders overbeviser meg om at eg treng berre å sjå litt på veggen. Eg kjenner veldig på det at det er eg som må ta ansvaret for dei tøffaste lengdene uansett. Med Anders visdomsord om å sjå på veggen, so er vi i gang. Veggen gjev fin klatring på sva og friksjonen er som mykje anna i området av veldig god art. Svaklatring er fantastisk!!!

Anders fortsetter opp den faste og fine granitten.

Anders går første lengda og klatrar lett opp 4+ og setter minimalt med sikringar. Eg følger på og lengde to gjev ikkje grunnlag for å sette sikringar sidan den gav lettlett 2-3’ar klatring. Anders går på vidare. Neste lengde gjev den første litt utfordrande klatring, med ein grad 5- der ein må sette hendene med håndflata opp og inn i eit riss og klatre slik oppover. Ser vanskeleg ut, men var fin klatring og med god friksjon blei det heller her ikkje satt meir sikringar enn nødvendig. Vi hadde verkeleg fått gode rutiner slik at vi var kommen raskt opp til Første Amfi.

Etter første amfi skulle vi klatre ut ein liten travers på femten meter og so fortsette opp ei 5- lengde. Anders gjekk ut traversen, men fant ikkje standplassen og meinte det ikkje kunne stemme. Eg kunne gått ut og sjekka, men valgte å ikkje gjere det sidan Anders var sikker i si sak. Det skulle ikkje stemme. Uansett so starta Anders og gjekk seg fast lenger oppe i veggen. Han var ikkje høg i hatten der han stod. Rett oppafor han såg han at det var fint, men viss han gutsa og det ikkje var fint, so var det langt ned til neste sikring. Han fekk ikkje satt noko sikring, som ville ta noko fall. Etter ei lita stund skjønte han at det var betre at han klatra ned og gjekk opp der det var mest naturleg. Eg må innrømme at eg var litt irritert igjen, sidan eg av erfaring veit at cruxet vil gje utfordringar og slik sett skulle han aldri gått ut der han gjekk seg fast. Sjølv om det plutseleg ser lett ut, so må ein tenke at det er ein grunn til at ruta går der den går. Dette kjem vel med erfaring. Anders imponerar uansett med å klatre opp og finne ein bitteliten standplass. Han velger å stoppe her og eg følger på, og må seie at det var bra klatra. Han tar neste lengde også. Etter litt kunstnerisk frihet med baklengsgåing, som består i å klatre med å presse hendene opp i eit tak, so kjem han til standplassen. Eg følger på, men sliter skikkeleg med den tunge sekken. Etter ei lite sklifall, so klarer eg å dra meg forbi. Det er ikkje høg i hatten eg kjem opp til Anders, som sitter og ler etter å ha høyrt meg puste og blese opp. Er heilt skutt der eg kjem opp og vi forbannar begge sekken. Eg klatra vidare og so til slutt er vi ein standplass vidare. Vi skal i grunn ha lett klatring, men når Anders går neste lengde møter han på noko som ikkje er so lett, grunna noko at noko ser ut som om det er utrast og er ganske glatt. Han setter standplass, eg følger på og står foran ei lengde som vil lede meg opp til Andre Amfi. Står at det er 4+, men vi kan ikkje skjønne anna enn at det må ha vore der det var rast ut ein del. Allikavel ser det fint ut. Følger ein sprekk oppover med fin håndjamming og beina køyrer eg rett i veggen sidan gummien var som klistra. So må eg traversere langs ein sprekk til høgre. Setter sikringar der eg får det til, men det var ikkje lett. Akkurat der var eg glad for dei små Alien-kamkilene. Krimper litt på små nabber, medan beina står på enda mindre nabbar. Samtidig som eg kjenner at eg står må eg halde fokus på å bevege meg nøyaktig. Til slutt når eg ein sprekk til og håndjammer det siste! Sjølv om det var vanskeleg var det den finaste klatringa eg gjorde og eg ville gradert den til 5. Var ikkje noko 4+ i alle fall. Tilbydde Anders å heise opp sekken, men han meinte det ikkje var noko stress. Når han kjem opp, so seier han at det var nok vanskelegare enn han trudde og roste meg. Det må eg seie meg einig i, og gledar meg til ein gang eg klatrar der igjen. Mistenkar i ettertid at Anders ville fyre meg opp med ros no når vi nærma oss det vanskelege partiet.

Etter at eg hadde komt opp den 4+(5), so var det 2-3’ar klatring for meg opp til Andre Amfi og eg stod foran det som var ein loddrett vegg med litt overheng på første 6- lengda. Anders følgte på og eg kjende at det her var eg ikkje so lysten på. Eg foreslo at vi skulle gå retretten, som var ein travers ut høgre og so opp ved ”mysosten” og so følgje ryggen opp på toppen. Anders meinte at eg måtte i alle fall sjå på veggen, samt at han sa at viss eg ikkje ville, so skulle han. Han finta meg, sidan han visste at det ville fyre meg opp. Eg gjekk bort, såg på veggen og etter litt sjølvransaking valgte eg å klatre. Det var først ei lengde på 6- med litt overheng, men det såg ut som fine tak. Det viste seg å stemme og sjølv om eg mått legge meg nesten flat ut, so kjende eg meg fin og skjerpa Var ikkje enkelt vel og merke, men fekk satt gode sikringar. Nådde standplass og jubla av glede! No visste eg at vi kom til å klare det. Takka Anders for å tyne meg. Anders fulgte på med sekken, datt og kjende seg ikkje høg i hatten med tanke på at han skulle klatre 5+ på neste lengde. Han overbeviste seg sjølv om at det var den tunge sekken som bidro til fallet, og kom seg til slutt opp til meg. Etter å ha fiksa utstyr, gutsa han opp 5+ og eg må seie at smilte for meg sjølv då han måtte presse seg litt der han fòr opp. Eg følgte på og køyrte so opp 6-. Det var kun eit punkt det var litt vanskeleg på den lengda. Cruxet var der eg måtte hoppe litt ved å presse beina inn i veggen for å nå nokre tak. Elles var det utsatt, men godt sikra klatring. Nådde standplass og visste at vi no kunne spasere til toppen! So nær!!

Anders kom seg opp standplassen og det var no kun klatring av grad 2-3. Anders gjekk vidare og stoppa sidan det var so enkelt. Gjekk i løpande sikring opp på toppen der vi jubla av glede!! Vi tok tilhøyrande toppbilder, før vi starta returen.

Endelig på toppen!

Returen gjekk langs ruta Normalveien.Gjekk langs ryggen til vi kom til eit rapellfeste på Mysosten. Rappellerte elegant ned Mysosten og til høgre for dei Ti Forbitrede Fingertak. So gjekk ein luftig tur tilbake til Halls Fortopp. Sidan vi ikkje hadde gått her før, blei det til dels løpande sikring, men når vi nådde Halls fortopp blei vi einige at det var nok ikkje nødvendig. Frå Halls fortopp brukte vi 1t5min ned igjen til parkeringsplassen.

Vi hadde klart det. Trygt opp og trygt ned med kvar sin personlege rekord for meg og Anders, med henholdsvis 6- og 5+ på naturlege sikringar. Vi må vel seie at vi er ganske stolte av den persen!Hojaa!!!

Leave a Reply