Akkurat ferdig med å legge fliser på kjøkkenet torsdagskveld og startar å pakke. Kva gjere ein når ting ikkje er på plassen sin – jo, då brukar ein natta til å pakke ski og utstyr for påsketur. Klokka 04:00 fredags morgon vekker eg samboaren og vi setter kurs mot Harstad / Evenes flyplass. Flyet flyttar oss på 2 timar ned til Oslo. Tilbringer nokre dagar i Oslo før eg og Alexander setter kursen mot Sogndal tirsdag kveld.

Slår opp telt på ei lita tue inne ved Sogndal sentrum. Søve som ein stein og står opp til skiftande vèr. Litt sol, litt skyer, litt sludd og snø i sentrum. Pakkar telt og setter kurs mot turens første mål som er Togga, ca 3 km og 800 meter høgdemeter.

Køyrer nordvoer langs Rv 5 i Sogndalsdalen og setter bilen ved Vatnasete. Vi var vel kanskje dei einaste som gjekk herifrå, sidan det kanskje er vanlegast å gå frå Gunvordalen. Uansett, det funka fint for oss og dessutan kryssar vi inn i samme leia, som frå parkering ved Gunvordalen.

Håkon Martin nyter utsikten på vei opp Togga.

Starta fint med sol og god stemning. Den gode stemninga fortsatte, men sola forsvant og det blei meir skiftande. Sakte og sikkert bevegde vi oss opp mot ryggen og følgte denne ut av tregrensa. Når vi bikka over den første kanten etter skoggrensa møtte vi ei sprek jente som hadde gått opp og snudd litt før toppen. Grunna den dårlege sikta og tåka som dreiv inn med tilhøyrande flatt lys, so fylgte vi den oppskrifta. Det var uansett begynt å bli so hardt at evt. Skikøyring ikkje var optimal som det var lenger nede, so greit snupunkt.

Alexander koser seg med flott nedkjøring.

Starta nedkøyring, og her går det opp for oss kvifor den er so populær. Kort opptur med flott nedkøyring i fin laussnø. Morsom skogskøyring var ein fin start på påskeferien. Etter vi var ved botn tok vi ein tur til Sogndal, åt litt lunch og reiste tilbake for tur nummer to når været letta litt.

No kjende vi oppskrifta godt, so det blei ein fin tur opp ned, med fine nye linjer sidan vi valgte ein meir østleg nedtur enn tidlegare. Her kan ein vere litt obs, sidan det i Fri Flyt sin førar blir beskreve som meir skredfare øst for ryggen. Vi vurderte det som fine, trygge og gode forhold, og at det ikkje var noko høgt sannsyn for skred der vi køyrte under dei rådande forholda.

La ut eit weekend-warrior bilete på Instagram og det viste det seg at vår gode kamerat Erik var i Sogndal

HMK

Når vi kom i bilen var det berre å skifte og so satte vi kurs mot Sogndal Ski lodge som vi tenkte vi skulle prøve ut når vi først var i Sogndal. Møtte ei hyggeleg og serviceinnstilt ledar, som la alt til rette for at vi skulle få eit fint opphald. La ut eit weekend-warrior bilete på Instagram og det viste det seg at vår gode kamerat Erik var i Sogndal. Kort fortalt, so blei vi invitert med på tur med han og kameratar av han. Vi hadde i grunn tenkt å gå Blåfjell med utgangspunkt frå skiheisen, men valgt å bli med Erik, for å lære enno meir av andre som har gått litt meir toppturar i desse områda.

Fortsettelsen finner du her.

Leave a Reply